Fjoråret vart eit nytt år med vekst for Bøstrand-gruppa, der Bøstrand Transport er det største selskapet. Med ein omsetnad på 87 millionar kroner i 2017, ein bilpark på 44 store bilar, og 66 tilsette har Bøstrand på få år utvikla seg til å bli ein viktig aktør i Ørsta.

– Eg er imponert over brørne Yngve og Andre. Dei har skapt store verdiar, og mange arbeidsplassar. Og det har dei gjort med hardt arbeid, seier styreleiar Geir Bjørlykke.

Byrja på nytt

Bedriftsrådgjevaren frå Ålesund er aktiv styreleiar og også medeigar i nokre av dei ni selskapa i Bøstrandgruppa. Men det er brørne Yngve og Andre Ose Bøstrand som er dei største eigarane, saman med mora Halldis Ose Bøstrand.

Mor og søner etablerte seg på Mosflata i 2012 og byrja i praksis på nytt, etter ein turbulent periode for gamle Bøstrand Transport.

Sidan då har det vore stor vekst i aktiviteten, både for transportselskapet og for søsterselskapa.

– Sidan selskapet flytta til Mosflata har vi fått meir enn dobbelt så mange bilar. Held vi fram slik vert det trongt her, seier Geir Bjørlykke.

Den aukande aktiviteten har ført til at staben har auka det siste året, med fleire nytilsetjingar i administrasjonen og på verkstaden.

– Selskapet har blitt så stort at det var naudsynt å bemanne opp sentrale stillingar, seier Bjørlykke.

Veksten har ein pris. Fleire av selskapa i gruppa slit med å tene pengar. Samla fekk Bøstrandgruppa eit overskot (resultat før skatt) på 1,064 millionar.

– Det er vi ikkje nøgde med. Spesielt fekk transportverksemda eit utfordrande år i 2017, seier Geir Bjørlykke.

Hovudselskapet Bøstrand Transport auka sine inntekter med om lag femti prosent, til 62 millionar. Men selskapet gjekk berre så vidt i pluss. Ei viktig årsak er auka pris på diesel.

– Hausten 2017 steig prisane på drivstoff voldsomt, og det heldt fram utover i 2018. Det seier seg sjølv at vi merkar godt ein prisauke på ei krone literen når vi har bilar som i snitt rullar 100.000 kilometer i året, og som bruker nokre liter per mil.

Og det er selskapet som må ta størstedelen av den ekstra dieselrekninga.

– Transportselskapa har nok vore for hyggjelege med sine kundar ettersom ein har forsøkt å halde prisane uendra i ein situasjon der alt har blitt dyrare, seier Geir Bjørlykke.

Kostbar vinter

Vinteren førde med seg meir enn auka dieselprisar.

– Mykje snø, glatte vegar og til dels dårleg snøbrøyting gjorde sitt til at det vart uvanleg mange biluhell. Skader og havari har belasta botnlina med svært lite hyggjelege tal.

Men selskapet er på offensiven.

– Vi vil vekse meir, og vi vil vekse saman med kundane, seier Bjørlykke.

Og den tradisjonelt største kunden Vik Ørsta, har blitt ein enno større kunde det siste året, ettersom Bøstrand har tatt over avfallshandteringa og behandlinga av skrapjern for Vik Ørsta, i tillegg til transporten av ulike VikØrsta produkt land og strand.

Miljø og gjenvinning er eit satsingsområde, og her står anlegget til Bøstrand Miljø og Gjenvinning i Hovdebygda sentralt. Dette selskapet samarbeider tett med den store nasjonale aktøren Norsk Gjenvinning AS.

– Vi har fått fleire store kontraktar allereie, og har vi mykje på gang, seier Geir Bjørlykke.

Brei last! I sommar hadde Bøstrand dette spesialoppdraget i Ørsta, med flytting av eit hus frå Ose til Åmås. Foto: Svein Aam