Banken har gjennomført ein nedbemanningsprosess som har ført til at 18 tilsette skal slutte. Banken har tilbode sluttpakkar tilsvarande om lag ei årsløn. Alle over 62 år har takka ja.

Ein av dei er Per Olav Opsal som er banksjef for økonomi og finans.

–Det er heilt greitt for meg å slutte, seier Opsal

– Så du har ikkje følt deg pressa til å ta sluttpakke?

– Nei, og det er ikkje unaturleg at ein arbeidsgjevar prøver å overtale dei over 62 til å ta sluttpakke når ein skal nedbemanne. Alternativet er ta jobben frå 40 og 50 åringar.

Digitalisering

Bankvesenet er ein av bransjane der digitaliseringa snur opp ned opp det meste. Lånesøknader vert ikkje lenger granska med lupe av banksjefar og funksjonærar på bakrommet. Dette tar "robotane", det vil seie dataprogramma,  seg av – grovt sett.

Dei fleste kundekontaktane skjer digitalt, og det dukkar opp heilt nye arbeidsoppgåver.

Nedbemanninga har gitt rom for nytilsetjingar av folk med rett kompetanse.

– Vi treng årsverk med anna kompetanse enn det som har vore vanleg i banken. Vi har alt tilsett nokre nye, og vil gjere fleire tilsetjongar framover, seier Stig Brautaset, administrerande direktør i Sparebank1 Søre Sunnmøre.

Men ikkje alle vert erstatta.

– Vi har hatt fleire årsverk enn naudsynt. Banken hadde på det meste rundt 70 tilsette. Framover vil banken ha rundt 60, seier Stig Brautaset,

Status etter to år

Han nytta presentasjonen av kvartalsrekneskapen tysdag til å gjere opp status etter to år som toppsjef i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Då han kom inn i banken var soliditeten svak. Det var nedgangstider for offshorebransjen, og sparebanken var ufrivillig eigar av mange eigedomar i Ørsta.

Av tiltaka som er gjennomførte er ei emisjon på 100 millionar kroner, gjennom sal av eigenkapitalbevis, i praksis aksjar i banken.

– Emisjonen er det viktigaste som har blitt gjort sidan banken vart skipa, seier Brautaset.

Dessutan har det blitt rydda opp i eigedomsportefølgen. Dette har ført til tap, men var naudsynt, meiner banksjefen.

– No er det berre eitt prosjekt att og det er Ørsta Torg. Her jobbar vi i første omgang med å fylle opp lokala. Målet er å selje bygget, seier Brautaset.

Han er også nøgd med resultatet av omstillingsprosessen.

– Banken har styrka soliditeten, og vi er rigga for vekst dei komande åra.

Svein Aam

svein@morenytt.no