Kreativt rom og ope kontorlandskap er den nye kvardagen for tilsette ved sparebanken sitt hovudkontor i Volda.

– Vi ville ha eit lokale som er tilpassa framtida, seier administrerande bankdirektør Stig Brautaset, og slenger seg ned i ein av dei spesielle stolane i det kreative rommet.

I alt har sparebanken brukt ti millionar kroner på å røske ut 80-talmøblane i første og andre etasje, og i staden få eit hovudkontor med inspirasjon frå Silicon Valley.

– Eg har tru på at det gjer noko med arbeidsmiljøet at du føler at du jobbar i ein moderne og framtidsretta organisasjon, seier Brautaset.

Banken har og innført ope kontorlandskap for sine tilsette, med eit stort felles banklokale i andre etasje.

Prisen for opppussinga i andre etasje er seks millionar. I første etasje, der kundane kjem inn, er det pussa opp for fire millionar.

– Lokala var 30 år gamle, og hadde 80-talsstandard. No har dei blitt topp moderne, seier Stig Brautaset.