Samstundes seier Sylvi Listhaug at ho er aktuell, ifølgje NTB/NPK.

– Eg er audmjuk og det er ei ære å bli nemnt som aktuell nestleiarkandidat. Eg stiller meg til disposisjon for partiet dersom dei ønsker meg i ein slik rolle. Det er landsmøtet vårt til våren som er suverent til å velje partileiing. Kva som skal skje fram til det, skal diskuterast i sentralstyret.

Dale seier nei

Landbruksminister Jon Georg Dale seier til Radio Noreg at han meiner det ikkje er naturleg for han å bli nestleiar i Framstegspartiet no.

– Eg trur Sylvi Listhaug vil gjere ein fantastisk jobb, seier han til radiokanalen.

Sentralstyret i partiet skal i september ta avgjerda om det skal supplerast inn ein nestleiar landsmøtet neste år. Dale meiner det er naturleg at nestleiaren sit i sentralstyret.

– Nestleiaren bør veljast blant sentralstyret. Der sit Sylvi og der sit ikkje eg, seier han.