Første halvår fekk banken eit totalresultat før skatt på 62,4 mill. kr mot 39,1 mill. kr i fjor på same tid og eigenkapitalavkastninga er på 9,7 %.

–Banken presterer godt på dei fleste område, spesielt har vi god effekt av lågare tapsavsetnader i 2018 mot 2017, og vi har soleis fått ein god start på året. Utsiktene i regionen vår er gode, og det ligg til rette for framleis god utvikling for 2018, skriv Sparebank1 Søre Sunnmøre i ei pressemelding.

God vekst

Det siste året har det vore ein vekst i personmarknaden på 6,7prosent. Innskotsveksten dei siste 12 månader er på 5,7prosent.

- Det er stor aktivitet på personmarknaden, og banken aukar sin marknadsandel i dette segmentet. Vi har særs positiv utvikling i det vi definerer som ytre region (ytre Søre Sunnmøre), og er veldig tilfredse med dette. Banken framstår som konkurransedyktig, og organisasjonen arbeider målretta og godt i alle våre marknadsområde, seier adm. dir. Stig Brautaset.