Dagleg leiar Pål Sindre Myklebust på Bygger'n Hareid kunne førre veke sjå eitt av nybygga frå fabrikken Lindal Smith Elementer, tidlegare Huselement AS, reise seg på rekordtid på Åmås. Med kraner vart dei ferdigproduserte elementa løfta på plass og festa saman til eit komplett hus av Kvamme Bygg, som er innleigd for monteringsarbeidet og ferdigstillinga av huset.

Huset er eitt av fleire elementbygg som har vorte produsert på fabrikken på Rystelandet etter at E.A. Smith kjøpte fabrikken. Noko seinare kjøpte dei seg også inn i Lindal Treindustri AS, og Bygger'n tok over Ørsta Trelast i mars i fjor.

E.A. Smith eig også Hibahus-kjeda, som leverer hus hytter og garasjar. Huset på Åmås er eit Hibahus som er levert av Trelast AS på Hareid. Dei har også tidlegare levert hus i Bjørdalen.

Byggjesett

Huset på Åmås vart levert i ni element, som det tok eit par-tre dagar å setje saman til eit komplett hus. Myklebust seier det er fleire fordelar med denne byggjeteknikken.

– Alle elementa vert produsert i jiggar innandørs. Det er enkelt, det er tørt, ein reduserer kapp og svinn, det er omtrent ikkje avfall, og ein slepp å arbeide ute når det er vått og kaldt. På fabrikken monterer dei elementa med ferdig behandla kledning. Glasa og terrassedører med omramming er montert i elementa, og i enkelte tilfelle er isolasjonen også sett i, plastra og ferdig til montering. Så er det berre å frakte elementa på plass og setje dei opp, seier Myklebust.

– Alt vert teikna, konstruert og kvalitetssikra slik at alle lengder, breidder, høgder og diagonalar passar på millimeteren. Det er ein effektivt og veldig føreseieleg metode, og bygget har dei same tekniske spesifikasjonane som eit vanleg hus.

Det ferdigfabrikerte huset vart sett saman på eit par dagar ved hjelp av kranbil og eit snikkarlag som festa elementa saman. Foto: Kjell Arne Steinsvik

– Kor mykje fridom har kunden på å velje eigne løysingar?

– Ein står fritt til å endre på ting. Dette huset er i utgangspunktet eit kataloghus som er tilpassa kunden sine ynskje i god dialog med Trelast AS, via arkitektkontoret før produksjonen vert starta. Endringar og tilpassingar er «spikra» før godkjenning.

Prisen for eit elementbygg ligg på om lag same nivå som eit tradisjonelt hus, men Myklebust seier kunden sparer på kostnadene til byggjelånet. Tid er pengar, og dess kortare tid ein har eit byggjelån, dess meir sparar ein.

– Frå kontrakten vart underteikna til i dag, har det gått om lag fire månader, inkludert handsaming av byggjesøknad. Med god dialog, kommunikasjon, logistikk og løysingar, kan ting skje ganske fort. I enkelte tilfelle har ein tre-fire månader mindre byggjetid, og tilsvarande mindre tid å betale renter på eit byggjelån. Det er ikkje så reint lite, når ein veit kva hus kostar.

Produsert på Rystelandet

Huset på Åmås er altså eitt av fleire andre hus og hytter som vert levert frå fabrikken på Rystelandet, der tre personar er i sving med produksjonen.

Når huset er ferdig montert, takstolar er komne på, og taket er tett byrjar ein arbeidet med innsida. Etter kvart kjem lokale røyrleggjarar, elektrikarar og flisleggarar inn for å gjere sin del. Om logistikken held planen, skal huset vere innflyttingsklart om fire månader.

Myklebust seier han arbeider med å selje inn løysinga til fleire kundar i distriktet,

– Eg har på det næraste fått stadfesta ti hus til no. Vel og merke skal ikkje alle husa produserast i fabrikk, men det er god aktivitet, trass i litt urolege tider. Eg reknar med om vi får alt som vi arbeidar med no, vil det gje fabrikken på Rystelandet mykje godt arbeid ut over nyåret.

Pål Sindre Myklebust, dagleg leiar i Bygger’n Hareid, har stor tru på byggjemetoden. Foto: Kjell Arne Steinsvik