Det er andre året det vert arrangert Ankerfestival i småbåthamna. Festivalen er eit samarbeid mellom Musikk i sentrum og Ørsta småbåtlag.

Fredagen er det Musikk i sentrum som står for programmet. Då er det Dalsbø, Cold Island, Vestavind og DJ Danny som står på scena.

Dalsbø har gjort seg merka den siste tida med fleire nye countrysongar. Musikken til Cold Island vert skildra som alternativ og stemningsfull rockemusikk med innslag av postrock, og Vestavind spelar spanande, alternativ musikk.

– Dette er sterke lokale kvalitetsband som legg noko i det dei driv med. Dei skriv sin eigen musikk, og har eit ganske variert repertoar, seier leiar Hans-Robert Bondhus i Musikk i sentrum.

Til slutt er det DJ Danny (Daniel Klepp) som rundar av fredagskvelden med eit breitt og tilpassa musikkspekter.

Laurdagen er det småbåtlaget sin tur med Ankerdans. Då er det Volda-bandet Cinnamon City, og Listen to the Band som speler. Sistnemnde spelte også på ankerdansen i fjor, og er nærast som veteranar å rekne i kulturlivet i Ørsta og Volda.

Utvida frå ein til to dagar

Det er altså andre gongen småbåtlaget set opp det nye konseptet med underhaldning både fredag og laurdag. Tidlegare har det vore berre dans laurdagskveldane, eit konsept som har eksistert sidan nittitalet.

– Dansen i småbåthamna er veldig kjent. Tidlegare vart det halde båttreff i tillegg, men no konkurrerer vi med så mykje anna, at vi ikkje legg så stor vekt på tilreisande båtar. Dette vert meir eit tilbod for bygdefolket, seier småbåtlag-leiar Kjetil Leira.

– Området er stort nok, og utstyret står her ferdig rigga. Difor utvidar vi med tilbod både for dei yngre på fredagen og dei litt eldre på laurdagen. Men det er sjølvsagt lov å kome på dei dagane ein vil, seier han.

Nytt for i år, er at arrangementet vert sett opp to veker etter Naturfestivalen og Saudehornet rett opp.

– Naturfestivalen er midt i fellesferien. Mange folk er då på ferie, så vi får ikkje tak i nok vaktar til å gjennomføre arrangementet. No i helga er dei fleste heime att, så vi kan stille så mykje mannskap som vi bør og må. Vi gjer eit forsøk i år for å sjå om vi kan løyse like mange billettar som før, og kanskje enno meir, seier Leira.

Han opplyser at det vert sal av drikke, både med utan alkohol, og matservering frå vogner inne på området.

Har telt i tilfelle regn

Ifølgje vêrmeldingane er det utrygt for regn i helga, men Leira håper dei vil snu til solskin. Uansett skal i alle fall folk sleppe å verte våte.

– Her er plass til telt med fleire hundre menneske. Alle skal få plass innandørs, bortsett frå når dei skal danse, seier han.

Dugnad

Heile ankerfestivalen er basert på dugnad frå Musikk i sentrum og medlemmene i småbåtlaget. Arrangørane håper mange vil kome for å støtte opp om kulturtilbodet.

– Ankerlive er heilt i tråd med det vi står for, med å gje dei lokale banda ei scene. Vi er i ferd med å etablere fleire større arrangement i løpet av året. Då treng vi støtte frå publikum, seier Bondhus.

– Ja, visst folk vil ha eit tilbod i bygda, må dei møte opp når det skjer ting, oppmodar Nils Dragnes.

Dei minner om at det også første helga i september vert arrangert konsert i Laguneparken i regi av Muskk i sentrum.

– Dei musikarane og banda som vil vere med på det, må ta kontakt med oss no, oppmodar dei.