Anleggsveteranen Olav E. Hovdenakk (83) måtte felle nokre gledestårer då han fredag fekk vere med på synfaring i den nye Ørstahallen.

Då kunne han sjå at arbeidet med bygginga av hallen er i rute. Den 21. desember skal han vere ferdig til overlevering til byggherren Ørsta kommune, og nokre veker ut i januar skal han vere klar til bruk for alle.

– Då er det berre å gløyme at det har vore mange stridar opp gjennom åra. At vi har hatt motgang. No skal vi berre glede oss, seier Hovdenakk.

Håper på symjeanlegg

Han er overtydd om at den nye hallen vil vere til glede for mange, ikkje minst for dei unge.

– Og går det som vi håper, har vi også på plass eit symjeanlegg om ikkje så mange år, seier Hovdenakk.

Det var administrasjonen og den politiske leiinga som inviterte til synfaring fredag. Mellom dei inviterte var representantar for idretten og andre brukarar. Føremålet var å syne fram at det ikkje er lenge igjen til at hallen står klar, og at brukarane må byrje å førebu seg på ei ny tid.

– Arbeidet er i rute. Overtakinga er den 21. desember, og etter det treng kommunen som eigar nokre veker på å få alt på plass, fortel prosjektleiar Frank Flusund i Ørsta kommune.

Klatrevegg og buldrevegg

Under synfaringa kunne folk sjå konturane av korleis hallen vert. I den eine enden, mot Holmegata, er det eit stort vestibyleareal som vil verte lyst og romsleg. I denne enden av bygningen skal også klatreveggen og buldreveggen kome.

Sjølve hallflata verkar enormt stor, og skal gje plass til tre handballbaner. Mot langveggen mot ungdomsskulen vert det løpebane for friidrett.

– Vi ser fram til å kome innandørs, seier Olve Øyehaug i friidrettsgruppa.

Framleis vil nok mange reise til Ulsteinvik for å trene friidrett innandørs, men med ei sprintbane og opplegg for kast, vil mange trene i den nye Ørstahallen.

– Kanskje vert det også nokre treningsstemne, men for større konkurransar innandørs, er det framleis hallen i Ulsteinvik som vil vere staden, seier Øyehaug.

Garderobar

Garderobeanlegget er stort, og er plassert mot Ørsta stadion. Det er ti ordinære garderobar, og i tillegg to garderobar spesielt tilpassa for funksjonshemma. I andre høgda er det fire klasserom og klubblokale for Ørsta IL. Der er møterom og myldreareal.

Mot Ørsta stadion vert det eit nytt tribuneanlegg med tak over. Og innandørs i hallen vert det eit tribuneanlegg med plass til 500. I tillegg kjem eit mobilt tribuneanlegg for større arrangement.

– Det er rørande å sjå bygget nærme seg slutten. Eg er glad for at arbeidet er i rute, slik at vi kan ta hallen i bruk på nyåret, seier ordførar Stein Aam.

Den nye Ørstahallen er kostnadsrekna til kring 190 millionar kroner, men sluttrekninga kommunen som byggherre vil sitje på til slutt, vil verte lågare. Dette grunna spelemidlar frå staten og momskompensasjon.

Under synfaringa var det spørsmål om framdrifta for eit eventuelt symjeanlegg.

– Bassenget står på økonomiplanen for 2019. Men det er ikkje gjort budsjettvedtak enno. Men bassenget er prioritert som nummer ein i økonomiplanen, svara Stein Aam.

Leiar for Frivilligsentralen, Rebecca Riise Bjerknes, er tilsett som dagleg leiar for Ørstahallen.

– No vert det mykje arbeid framover med å leggje til rette for den daglege bruken, fortel ho.

I rute: Ordførar Stein Aam, seksjonsleiar Irene Graskopf og byggjeleiar Frank Flusund slår fast at nye Ørstahallen er i rute. Den 21. desember skal kommunen ta over bygningen. Foto: Rune Sæbønes
Dagleg leiar: Rebekka Riise Bjerknes er i gang med å planleggje den daglege drifta. Foto: Rune Sæbønes