Førre torsdag starta årets European Space Camp på Andøya Space Center i Nordland. Dette er ein sommarleir for elevar og studentar i alderen 17 til 20 år som er interessert i realfag og romfart. I over tjue år har leiren blitt arrangert og ein blant dei tjuetre deltakarane som har blitt plukka ut til å ta del i år er Andreas Myklebust frå Hovdebygda.

– Eg er generelt interessert i verdsrommet, korleis naturen fungerer via fysikken og å beskrive naturen med matematikk. I tillegg er sjølvsagt rakettar veldig kule, seier Myklebust som skal til på siste året på Volda vidaregåande skule. Det går han studiespesialisering og han har valt å spesialisere seg i realfag.

Gjennom skulen fekk Andreas vite om leiren på Andøya. Han skreiv søknad og vart plukka ut til å vere ein av deltakarane. Den faglege delen av leiren består av førelesningar og gruppearbeid. Innhaldet i førelesningane spenn seg frå rakettforsking og raketteknikk til nordlys, livet på mars og samanhengen mellom fantasi og matematikk. I gruppearbeidet får deltakarane ta del i både dei teoretiske og praktiske aspekta ved oppskytinga av ein forskingsrakett. Studentraketten er ein 2,7 meter land Mongoose.

– Vi skal skyte opp vår eigen rakett på onsdag og det er sjølvsagt høgdepunktet. Berre å få ta del i noko slikt er veldig kjekt og inspirerande. Leiren er eit stort samarbeid med likesinna ungdom som har vitskapen rundt verdsrommet som ei felles interesse.

– På sikt er dette eit fagfelt du kunne tenke deg å arbeide med?

– Det er målet og eg har høge ambisjonar. Det er betre å sikte for høgt enn lågt er livsmottoet mitt, og det prøver eg å leve etter. For meg hadde det ultimate målet vore å vere ein del av det store romprosjekt som vi samarbeider om i heile verda, seier den ambisiøse 18-åringen som vonar at veka på Andøya kan vere med på å bygge opp eit grunnlag for vidare studium og karriere.

– Dette er ei veke som kjem til å sitte i minnet til eg er gammal og grå. Dette er ei skikkeleg oppleving og folka her er sjølve opplevinga.