Årsresultatet for K.A. Aurstad AS vart minus 18,9 millionar kroner, og omsetnaden gjekk ned frå 512 millionar kroner i 2016 til 392 millionar i fjor.

– Det kan vi ikkje vere nøgde med. Aurstad er opptatt av å skape gode resultat og har gjort det i ei årrekkje. Men marknaden er prega av variasjonar i oppdragsmengde og risiko knytt til gjennomføring av oppdrag, seier administrerande direktør Jo Stian Tverberg i Aurstad.

Trøblete på E6

Aurstad er underentreprenør for ei utbygging på E6 i Sokndal, fire til fem mil nord for Oppdal. Arbeidet har ikkje gått som planlagt og det har blitt konflikt med hovudentreprenøren.

«Prosjektet har frå oppstart september 2017 vore svært krevjande. Hovudentreprenør har etter KA Aurstads oppfatning utarbeidd og gjennomfører ein framdriftsplan som er optimalisert for eigne tekniske konstruksjonar, der KA Aurstads arbeid vert gitt lite prioritert. Dette fører til at KA Aurstad må arbeide uhensiktsmessig, og vert påført store økonomiske tap. Hovudentreprenør har bestride det økonomiske ansvaret for dette», står det i årsmeldinga til selskapet.

Ved årsskiftet hadde KA Aurstad tapt knappe ti millionar på prosjektet. I tillegg er det gjort avskrivingar på 15 millionar i årsrekneskapen.

– Som underentreprenør er vi avhengige av at hovudentreprenøren snakkar vår sak overfor byggherren. Difor vil vi helst vere hovudentreprenør. Vi ser også at det generelt er aukande konfliktnivå i vegprosjekt, seier Jo Stian Tverberg.

– Kan denne konflikten ende i retten?

– Vi er ikkje glad i rettsprosessar, men det er ein konflikt her, som må løysast.

I tillegg til tapa i Sokndal er årsrekneskapen prega av at omsetnaden gjekk ned med 25 prosent i fjor. På plussida er ein aukande ordrereserve. 2017 byrja med ein ordrereserve på 294 millionar og auka til 543 millionar ved årsskiftet.

Det er no 215 tilsette i selskapet.

– I år har vi stor aktivitet og ein betydeleg ordrereserve, både lokalt og regionalt. Så vi har arbeid til alle, og kjem nok også til å tilsetje nokre nye, i tillegg til at vi har innleigde folk, seier Jo Stian Tverberg.

Lokale prosjekt

På Vallabøen i Ørsta er Aurstad sine folk og maskinar i ferd med å lage skredvoll. Snart skal dei byrje på den omfattande rehabiliteringa av Rotsethorntunnelen i Volda. Og høgt til fjells, ved Strandvatn i Hol kommune, går Aurstad nye vegar, sidan dei har tatt på seg å utbetre eit kraftverk, inkludert bygging av ein ny tunnel.

– Vi investerer i tunnelrigg og skal drive tunnel for første gong. Det er mange vegtunnelar som skal utbetrast dei komande åra, og vi vil gjerne kjempe om desse jobbane, seier Jo Stian Tverberg.

Han byrja som administrerande direktør i mars, og vart kasta rett ut i krevjande utfordringar.

– Aurstad er ei fantastisk bedrift, med mange flinke fagfolk. Eg vil også berømme gründerane, som er endringsvillege og ser framover. Ting skjer i stort tempo i selskapet. Det skummar om baugen. Men det trivs eg med.

– Blir det betre resultat i år ?

– Det håper eg, men det vert krevjande i år også. Vi jobbar steinhardt med å snu prosjekta.

Ny sjef: Jo Sti­an Tver­berg byrja som ad­mi­nist­re­ran­de di­rek­tør i Aur­stad i vår. Foto: svein aam