Det seier bygg- og eigedomssjef Per Olaf Brekkan i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det er ein viss nervøsitet å spore for fleire fylkeskommunale prosjekt, og det gjeld ikkje minst dei vidaregåande skulane. Årsaka er Nordøyvegen, og dei usikre tala for dette gigantprosjektet.

Vestlandsnytt i Fosnavåg kunne før helga avsløre at ein ny Herøy vidaregåande skule er sett på vent. Der ville kommunen forskottere, men fylkeskommunen har no varsla Herøy kommune om at dette prosjektet må utsetjast.

Når det gjeld Ørsta vidaregåande skule, er det prosjektet i ein annan situasjon.

– Ørsta vidaregåande skule er prioritert høgt. Det gjer at vi går vidare med prosjektet førebels. Vi skal ha eit oppstartsmøte for programmering om to veker i Ørsta. Der vil alle brukarane verte invitert. Målet er å få fram eit romprogram til juni 2019, fortel Brekkan.

Likevel har han eit atterhald, og det er kva som vil skje når fylkestinget skal ta tak i den økonomiske stoda til fylkeskommunen i oktober og desember.

– Då vil fylkesrådmannen kome med oppdaterte tal, og vi vil vite meir, seier Brekkan.

300 millionar kroner

Ein ny Ørsta vidaregåande skule har i gjeldande økonomiplan ei ramme på 300 millionar kroner. Meininga er det skal vere byggjestart i 2019, og ei byggjetid på eit og eit halvt år. Skulebygningen skal samlokaliserast med Ørsta kulturhus.

– Eg synest det er eit godt signal at fylkeskommunen står fast på at det skal vere oppstartsmøte for prosjektet no i august. Men alt som no gjeld framdrifta for den nye vidaregåande skulen må seiast med atterhald. Vi må vente på handsaminga av saka om Nordøyvegen og den fylkeskommunale økonomien, seier ordførar Stein Aam.

Han vel likevel å vere optimist, og grunngjev det med at signala frå det politiske miljøet er eintydig på at skulen skal realiserast, og at administrasjonen til fylkeskommunen startar programmering av skulebygningen om kort tid.

Ørsta kommune har i år forskottert innløysing av to eigedommar i Holmegata/Anders Hovden-gata