Ein gut i slutten av tenåra vart i juni i år pålagt ei bot på 8.000 kroner av politiet.

Årsaka ifølgje førelegget var at han køyrde rundt med bil i Ørsta sentrum med svært høg musikk.

Musikken skal ha vore så høg at den forstyrra den alminneleg fred og ro, og natteroa.

Førelegget er ikkje godteke og difor skal saka opp i Søre Sunnmøre tingrett.