(Sunnmørsposten): Det seier ein ordknapp styreleiar Eirik Teigen Vaage i selskapet Explore Geiranger AS. Selskapet har planar om ein zipline med utgangspunkt i Flydalsjuvet/Maråkelva/Gjørvaberget i Geiranger, og no har Nordplan AS sendt ut varsel om detaljregulering.

Styreleiaren ønskjer førebels ikkje å gå nærare inn på planane, men av varselet som er sendt ut til mellom anna naboar og offentlege instansar går det fram at planområdet er stort, sidan ein ønskjer å vurdere to ulike alternativ:

Flydalsjuvet

Alternativ 1: Har start like ved utsiktspunktet ved Flydalsjuvet og endar nært Norsk Fjordsenter. Består av tre lange strekningar med doble liner slik at to og to kan ta ziplina samtidig.

– Dette er eit spektakulært alternativ som vil bli ein av Norges lengste zipliner. Tiltaket vil krevje plattformer for å forankre vaierane, heiter det. Ifølgje varselet har Explore Geiranger allereie hatt dialog med Fylkesmannen som peikar på at dette vil vere eit krevjande alternativ på grunn av naturvern og landskapsmessige omsyn.

Maråkelva

Alternativ 2: Eit mindre prosjekt som går frå tre til tre langs Maråkelva. Somme plassar er ziplina tenkt å krysse elva.

– Zipline-planen er eit 100 prosent grønt tiltak, i eit veldig flott område av Geiranger som i dag ikkje er brukt til naturopplevingar. Mange køyrer med bil og buss til Flydalsjuvet for å sjå på utsikta, og får ikkje ta del i dei vakre naturopplevingane det gir å gå og klatre frå Gjørvaberget til juvet, seier Vaage.

For begge alternativa vil vere ein del av ein totalpakke som også inkluderer ein Via Ferrata (klatresti med vaier) med startpunkt ved Fjordsenteret og sluttpunkt ved Flydalsjuvet.

Frist for å kome med innspel er 31. august.

Denne saka vart først publisert av Sunnmørsposten.