– Ja, vi treng større regional slagkraft. Og difor går vi no vidare med prosjektet om ein såkalla blokk-kommune i sjustjerne-samarbeidet, seier Ørsta-ordførar Stein Aam.

Dei sju kommunane på Søre Sunnmøre, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Nye Volda, Ulstein og Ørsta, søkjer no fylkesmannen om til saman 900.000 kroner fordelt over to år til eit kommunereformprosjekt. Midlane skal brukast til ei prosjektstilling, der vedkomande vil få ansvaret for å få fram ein rapport som kan gje ein konklusjon på vegen vidare for Søre Sunnmøre.

Utfordringane aukar

Bakgrunnen er at kommunane ser at kommunereforma ikkje har redusert skilnaden mellom dei største og dei minste kommunane.

Tvert i mot, i Møre og Romsdal vert Ålesund og Molde endå større kommunar som eit resultat av kommunereforma. Kommunane på Søre Sunnmøre ser at utfordringane for små og mellomstore generalistkommunar vil auke.

– Kommunane på Søre Sunnmøre ynskjer å vere ein regional utviklar, der vi som region kan ha eit tettare samarbeid med fylkeskommunen, skriv rådmannen i Ørsta kommune i søknaden til fylkesmannen.

Det er Ørsta kommune på vegner av dei sju kommunane som har forma ut søknaden om midlar til ei prosjektstilling. Det vert søkt om 400.000 kroner i 2018 og 500.000 kroner for 2019.

Gjennom ein rapport som Vanylven og Herøy kommunar har fått utarbeidd, kjem det fram fleire emne og spørsmål som kommunane ynskjer å få greidd ut. Stikkorda er om kommunane gjennom større fagleg og administrativ integrering kan opptre som ein kommune, få meir arbeidsdeling og gevinstrealisering, stegvis prosess mot tettare samarbeid og integrering, fokus på politisk mobilisering i samband med regionutvikling, kva rolle Søre Sunnmøre skal ha i framtida og såkalla blokk-kommunar og samanslåing.

Regional slagkraft er truga

Ordførar Stein Aam er tilhengjar av å sjå på eit såkalla blokkommunesamarbeid. Det vil seie at dei sju kommunane i stor grad får ansvaret for særskilde tenesteområde, og spesialiserer seg på desse.

– Utfordringane innan tenesteområda vert annleis og større med Stor-Ålesund som ny nabo. På Søre er vi ein region stor nok til å kunne gje gode spesialiserte tenester gjennom samarbeid, slik vi allereie gjer gjennom til dømes PPT, Nav og barnevern, seier Aam.

Men han ser også at kommunane si rolle som utviklingsaktørar kan verte svekte med ein stor Ålesund kommune som nabo. Det handlar om å politisk gjennomslagskraft.

– Eit døme er saka om trafikkstasjonen, der Ørsta på fyrstkomande ordførarsamling i sjustjernesamarbeidet har bedt om at denne saka vert sett på dagsorden. Søre Sunnmøre er ein stor nok region til å ha ein fullverdig trafikkstasjon. Også med tanke på klyngja av bilforretningar i Hovdebygda-området, seier Aam.

Han står fast på at det frå hans side handlar om eit utstrekt samarbeid, og ikkje ei samanslåing.

– Vi må erkjenne at vi har ei regjering som går vidare med kommunereforma. Samstundes har vi hatt ei folkerøysting i Ørsta der fleirtalet sa klart nei til samanslåing. Sjølv er eg bunde av eit partiprogram. Ein blokkommune-modell synest eg er interessant. Tida får vise om vi får aksept for dette hos regjeringa, der signala har vore delte, seier Aam.