I ei pressemelding frå nominasjonsnemnda kjem det fram at nemnda har vurdert fleire kandidatar.

– Og vi er glade for at Anne Sølvi har takka ja til å vere partiet sin ordførarkandidat, heiter det frå nemnda, som er sett saman av Bjørn Støylen, Birgitte Schytte Sætre, Wictor Kolås og Rune Hovde.

– Anne Sølvi er kunnskapsrik, samarbeidsorientert og engasjert. Nettopp slik ein ordførar i Ørsta bør vere, seier nemnda i ei grunngjeving til innstillinga.

Nemnda arbeider vidare med resten av lista, og forslaget blir presentert seinare i haust.

Anne Sølvi Vatne er frå Vatne i Åmdalen, og bur no i Ørsta sentrum. Ho er utdanna næringsmiddelteknolog/næringsmiddelingeniør.

Vatne har røynsle frå fiskeindustri og undervisning, før ho fekk jobb i Næringsmiddeltilsynet. Ho har vore i Mattilsynet sidan 2004, der ho er seniorinspektør med fagfelt næringsmiddel – produksjon, servering.

Vatne vart engasjert i lokalpolitikken då eldstejenta skulle ha skulestart, men har alltid hatt eit politisk engasjement.

– Trass i ein oppvekst som skulle tilseie at eg politisk anten skulle ha engasjert meg i Ap eller Sp, enda eg med å røyste Høgre frå første val, seier Vatne.

– Dette har nok sin bakgrunn i ei tante, Oddrun Aasen Fagerland, som var veldig engasjert i Høgrekvinnene. Ho var mitt forbilde på mange område, fortel Vatne.

Andre førebilete er Petter Løvik, Kaci Kullmann Five og Erna Solberg opp.

Ho var av ymse årsaker ei stund ute av lokalpolitikken, men kom inn igjen kring 2010. Siste periode har ho vore fast medlem i landbruksnemnda, og møtt som vara både i kommunestyret og samfunnsutvalet. Sidan januar 2017 har ho vore leiar av Ørsta Høgre, etter å ha vore i styret i fleire år.

Av politiske saker som engasjerer henne spesielt nemner ho:

– Kommunesamanslåing – «la oss få ring på fingeren til Volda!»

– Best mogleg skule for både born og tilsette

– Eldreomsorg

– Samferdsel – trygge vegar for alle, både på bygdene og i sentrum

– Reiseliv