Det seier mat- og landbruksminister Jon Georg Dale, som laurdag vitja Trandal Countryfestival.

Det var eit besøk som ikkje var planlagt i lang tid.

Entusiast: Mat- og landbruksminister Jon Georg Dale er både country- og Trandalentusiast. Foto: Rune Sæbønes

– Nei, eigentleg skulle eg ha vore på tenestereise i Afrika. Men så dukka tørkesituasjonen opp, og alle planar for sommaren vart endra. Det viste seg at eg med eitt hadde ei ledig helg på kalenderen, og då eg såg at dette var same helga som det var Trandal Countryfestival, var det ikkje vanskeleg å ta ei avgjerd, fortel Dale.

Difor tok han kontakt med Sivert Bjørdal, og inviterte nærast seg sjølv til å kome. Og då besøket var stadfesta, fekk Dale også æra av å opne festivalen offisielt.

Eldsjeler: Sivert Bjørdal og Siv Erlandsen står bak Trandal Countryfestival. Foto: Rune Sæbønes

Trandal Countryfestival er ikkje framand for Dale. Han var også til stades i fjor, og tok då linedance-kurs mellom anna.

– Eg synest det er flott det dei har fått til her, både Christian Gaard og Siv Erlandsen og Sivert Bjørdal med sjølve festivalen. Dei har arbeidd kontinuerleg sidan oktober i fjor med å booke artistar og få til dugnadsgjengar, seier Dale.

Han storkosa seg på Trandal laurdag, og fekk oppleve mykje god musikk, stor stemning og eit varierande ver, frå regnvêr til solskin.

Då var det verre fredag, for då regna det tett, og det bles. På nokre få timar kom det seksti millimeter nedbør.

Publikum: Mange var på Trandal for å høyre countrymusikk i helga. Foto: Rune Sæbønes

– Det gjekk fint, for her er nok plass innomhus. Men vi måtte improvisere litt i løda, for der kom regnet gjenn om lødeveeggen, og vi måtte opp med plastpresenningar for å hindre at vatnet kom inn. Men det løyste seg, og det vart ei fin og intim stemning, fortel Sivert Bjørdal.

Det er han og Siv Erlandsen som er primus motorar for Trandal Countryfestival. På nokre år har dei skapt ein festival som både artistar og publikum gler seg til å vere med på. Artistane bur på Trandal, og likar å vere blant publikum.

Frå USA: Scott Southworth. Foto: Rune Sæbønes

– Dei synest det er fint og avslappande å vere her, fortel Bjørdal.

Han har ansvaret for bookinga, medan Siv har ansvaret for å få på plass dugnadsfolk og logistikk.

Cash: Get Rythm har skapt seg eit namn med å spele Johnny Cash-låtar. Foto: Rune Sæbønes

– Vi opererer ikkje med noko høgt budsjett, og forhandlar litt med artistane om honorar for å få det til. Vi bokkar heller ikkje dei største namna, men vi bookar artistar vi veit er flinke. Slik er det til dømes med dei amerikanske artistane vi har. Vi veit dei kan spele, og står for kvalitet, seier Bjørdal.

Cash: Get Rythm har skapt seg eit namn med å spele Johnny Cash-låtar. Foto: Rune Sæbønes