For å kartleggje og hindre skrantesjuke i Noreg, har Ørsta kommune vorte plukka ut for å ta prøver av hjorten. For å ta prøvene, må jegerane bruke eit reiskap til å hente ut ein del av hjerna til dyret. Korleis ein gjer dette, skal dei 22 valdleiarane kurstast i fredag 17. august.

– Det er veldig viktig at alle gjer dette. Vi er redde at skrantesjuka som reinen hadde, skal spreie seg. Om sjuka kjem til hjortevilt, er vi ille ute, seier Helge Aam, som er ein av dei som skal halde oppsyn med prøvetakinga.

Han driv sjølv med ettersøk av påkøyrt hjort, og har i ei årrekkje teke prøve av dyra som har vorte funne.

– Det er veldig enkelt å ta ei slik prøve. Det greier alle, seier han.

Utstyr til prøvetaking, og informasjon om korleis ho skal handterast og kvar ho skal sendast, vil verte gitt på møtet.

Møtet vert halde på Ørsta rådhus klokka 19.30, og er ope for både valdleiarar og elles ivrige jegerar som vil vite korleis prøvetakinga skal utførast.