Fortel Saudehornet-veteranen Eldar Lingås. Han har 329 turar bak seg til Saudehornet, og er samd med ordførar Stein Aam i at det no er på tide å få opp skilt som viser veg til turmål som Saudehornet, Vallahornet og Nivane. Det vantar i dag.

– Eg var på Saudehornet under Saudehornet rett opp, og tenkte under turen at her er det mangelfullt med skilting. Andre stader i kommunen har ein kome mykje lengre, og det er på tide at bygdefjella ved Ørsta sentrum også vert skilta, seier ordførar Aam.

Difor tok han måndag kontakt med folkehelsekoordinator Ingvild Endal for å sjå om det kunne verte gjort noko med saka.

– Vi har hatt eit samarbeid med trimgrupper, grendelag og entusiastar over heile kommunen om skilting. Mange av råsene våre er skilta godt, også i sentrumsområdet. Men det manglar skilting mot område som Saudehornet, Vallahornet og Nivane, erkjenner Endal.

Difor tek kommunen no tak i saka sjølv, og skilt vil verte tinga.

– Og så håper vi på avtalar med grunneigarane om å kunne setje ned nokre pålar, fortel Aam.

Mange spør om vegen

Sjølv om Eldar Lingås aldri har hatt vanskar med å finne vegen sjølv, har han altså fått spørsmål frå mange om vegen.

– Det gjeld både dei som kjem opp frå sentrum, og lenger oppe i Skåla der folk lurer på kvar dei skal gå, fortel Lingås.

I fyrste omgang skal det skiltast i området frå Håkonsgata og oppover.

– Vi skal også opp med skilt på spesielle stader, som Bennahølen og Dybdal-hytta, seier Aam.

I andre fase er planen å skilte frå Ørsta sentrum. Dette er viktig særleg for tilreisande som er usikre på kva vegar dei skal gå for å kome opp i råsene.

– Men her må vi ha eit samarbeid med Statens vegvesen og fylkeskommunen, fortel Endal.

Skilta vil følgje dei normene og reglane som gjeld, slik at mellom anna vanskegraden til dei ymse turmåla er tydelege. Grøn tur er enkel, blå tur er middels, raud tur er krevjande med svart tur er for ekspertar.

– Dette er fargekodane for fotturar, og gjeld ikkje for vinterturar på ski, fortel Endal.

Kommunen har også eit eige reglement for skilting og merking av råser.