På Næringskonferansen i Ørsta i mars, lanserte Thomas Ryste planane om å byggje ein stor underhaldningsbåt med plass til 150 passasjerar. Ryste seier desse båtplanane er lagt litt på vent, men er på ingen måte skrinlagt.

– Vi fann ut det var lurt å prøve ut konseptet og sondere marknaden først. Difor kjøpte vi ærverdige «Bruvik». Og det ser lovande ut. Vi såg med ein gong at det er stor etterspurnad for event-turar innan bedriftsmarknaden og turisme, seier han.

– Båtprosjektet skal vi få opp og fram. Men det må gjerast i rette tempoet, så vi ikkje brenn ei bru. Det er eit stort og dyrt prosjekt. Men å ha ein bigesjeft som båtprosjektet, har skapt energi for vår del. Det er godt å av og til gå litt ut av Klypa-bobla og tenkje annleis.