Prestvik har vore gjennom ei krevjande prøve med seks ulike oppgåver på tid. Brudebukett, bukett, dekorasjon, flaskepynt, kyrkjepynt og gravpynt.

– Ho fekk ros av sensorane for sin solide teknikk. Sensorane verka imponert over den kreative løysinga på blant anna flaskepynten og hjartet ho laga til gravpynt ville ein av sensorane ta med seg heim, heiter det i ei pressemelding frå Tilseth Blomster.

Prestvik er lærling nummer ni som tek fagbrev ved Tilseth Blomster. Fagansvarleg har vore Solgunn Tilseth Breivik og Jeanette Havåg. Prestvik har fått bryne seg på store mengder binderi i den siste tida med gravferder og fleire bryllaup kvar helg.

– Det er forfriskande å ha lærlingar og vi håpar blomsterlinja i Ørsta kjem i gang att slik at rekrutteringa til verdas vakraste yrke kan halde fram. Vi på Tilseth Blomster skal i alle fall gjere vårt.

Den nyutdanna lærlingen kan no stolt kalle seg blomsterdekoratør.

– Det har vore ei kjekk og lærerik tid med den flotte gjengen her på Tilseth, dei har verkeleg gitt alt for å lære meg det dei kan. Betre blomsterdekoratør- team skal ein leite lenge etter, så eg er kjempe glad for at eg har fått ta læretida mi her. Det har vore ei kjekk tid med mykje binderi, og dei har vore flinke til å gi meg nye, spennande oppgåver, som dei av og til kunne hatt lyst på sjølv. Det har vore kjekke og travle kvardagar med mykje fagleg påfyll, seier Prestvik.