Per landa denne ruggen

– Eg fekk ein pjakk opningsdagen. Sidan har det mest ikkje vorte fiska. Men då det vart klart at Bondalselva opna igjen, tok eg turen.

Fangst: Per Ødegård med laksen på 6,8 kilo.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Fortel Per Ødegård frå Eiksund. Og at han tok turen til Sæbø då Bondalselva gjenopna fredag morgon, angrar han ikkje på.

I makkesona på Hustad fekk han napp. Fisken beit godt, og sat fast på kroken. Etter nokre minutt fekk han ein fin fisk på land.

Vekta synte 6,8 kilo, og dermed vart turen til Sæbø vellukka for Per.

– Eg sa til kona at eg skulle på arbeid etter at eg hadde fiska ferdig. No veit eg ikkje heilt. Eg skal eigentleg vere på arbeid om ti minutt, fortel Per.

Han vedgår at han har litt lakseskjelv, kjensla laksefiskarar får etter å ha landa ein skikkeleg rugg.

Fem dagar med fiske

Bondalselva vart stengt for alle fiske etter 31. juli, men då det vart meldt nedbør, vedtok styret i Bondalselva elveeigarlag å opne elva igjen frå 10. august til 15 og med 15. august.

I morgontimane fredag var fiskarane tilbake i elva, i skikkeleg laksevêr. Det regna godt, men fisket gjekk tregt.

Då Møre-Nytt sjekka i «lakseboka» rett før kl. 08.00, var to fiskar registrerte. Ein pjakk, og laksen til Per Ødegård. I tillegg skal det vere landa to fiskar lenger framme i elva.

Per Ødegård fiska mykje i yngre dagar, men tok seg ein pause i fleire tiår. For eit par år sidan vart han biten av laksebasillen igjen, og har vorte ivrigare.

– Men i og med at det har vore så lite nedbør denne sommaren, og elva har vore så lita, har det vorte få turar. Turen i dag angrar eg ikkje på. No har eg fått røykefisken, seier Per.