Dagen vart feira på Rekkedal gjestehus, der ho fekk feire saman med born, barneborn og oldeborn.

Til stades var også ordførar Stein Aam. Han hadde med seg ei overrasking, eit brev frå Kong Harald, der han ynskte hundreåringen til lukke, og gratulerte med dagen.

Hjørdis sette pris på helsinga, men er samstundes nøktern.

– Det var no eit brev, seier ho underfundig.

Hjørdis har budd det meste av livet i Åmdalen, men for fem år sidan innsåg ho at det ikkje gjekk lenger. Då flytta ho til Bakk-Ola-marka, der ho trivst godt.

– Her får eg mat og stell. Her er flinke folk, og eg likar meg, fortel ho.

Hjørdis har borna Norlaug (74) og Rolf (62). Ho har tre barnebarn og ni oldeborn. Dei aller fleste var til stades under feiringa av hundreårsdagen.

– Det var kjekt, men vart litt travelt, fortel Hjørdis.

Helsa hennar er framleis god, men høyrselen er ikkje den han var. Likevel likar ho godt å kunne slå av ein prat med folk.

Dagen etter feiringa sit ho på rommet sitt på Bakk-Ola-marka, og går igjennom alle helsingane. Det er blomebukettar på alle bord.

– Eg set pris på alle helsingane eg har fått, seier Hjørdis.

Ho kjem ikkje på noko spesielt som gjer at ho har fått eit så langt og godt liv.

– Nei, det er vel mest det at eg har greidd å halde meg frisk, fortel jubilanten.

Foto: Rune Sæbønes