Planen er å byggje 64 nye bustadeiningar i Rystene. Prosjektet ventar på det siste grøne lyset frå kommunen.

– Vi håper å sette spada i jorda over nyttår. Bustadane har ei sentral plassering, og har flott utsikt. Og eg føler meg trygg på at det er interesse i marknaden, seier Roar Eiken, dagleg leiar i Din Bolig AS.

Årsrekneskapen til Eiken Holding, der Din Bolig står for mesteparten av omsetnaden, viser at det var knappe 80 millionar kroner i driftsinntekter i fjor, og eit årsresultat (overskot) på 5,7 millionar kroner. Veksten i omsetnaden var 12 millionar kroner, men det er berre starten mot det som er venta av vekst i selskapet framover.

– Selskapet har arbeidd med fleire større prosjekt som ikkje har materialisert seg i inntekter enno, står det i årsmeldinga frå Din Bolig.

Eiken har posisjonert seg for stor inntektsvekst for Din Bolig dei neste åra.

– Vi er i byrjinga på det største eventyret vi har hatt, seier han lurt.

Det største prosjektet er Håmyra i Volda, med 156 bueiningar. Din Bolig satsar også stort på Åsestranda/Spjelkavik, der det er fleire prosjekt under arbeid.

– Vi har kjøpt opp så å seie alt av det som er att av ledige tomter på Åse. Dette er eit område i vekst, og som vi har stor tru på, seier Roar Eiken.

Med planlegging og utvikling av til saman 600 bustadeiningar har Roar Eiken blitt ein av dei store aktørane innan bustadutvikling på Sunnmøre.

– Er det behov for dei 600 bustadane du skal tilby dei neste åra?

– Vi satsar mykje i Ålesund, og her er det stor tilgang til kjøparar. Også i Ørsta/Volda vil det vere behov for nye bustader, så lenge det er tilflytting hit.

Det store lokale prosjektet er Håmyra i Volda. Her er infrastrukturen på plass, og dei første husa byrjar å reise seg.

– Korleis går salet av bustader i Håmyra?

– Salet går jamt og trutt. Folk vil nok gjerne sjå korleis det vert, og det kan dei gjere no.

– Har ikkje dette tatt lengre tid enn planlagt?

– Prosessen tok litt lengre tid enn venta. Men dei første får flytte inn no i september.

Marknaden for nye bustader har gått tilbake på landsbasis det siste halvåret, men det uroar ikkje Roar Eiken.

– Det har alltid vore svingingar, seier han.

Rekneskapen viser at Din Bolig har ein eigenkapital på 110 millionar kroner, og selskapet er med det svært solid.

– Den gode økonomien gjer at vi står friare i høve til bankane. Og vi kan bygge uavhengig av svingingane i marknaden, seier Roar Eiken.

I vekst: Roar Ei­ken sitt selskap, Din Bolig AS, ventar stor vekst i omsetnaden dei neste åra Foto: Svein aam