Det største gjekk i Skogsvika, om lag to hundre meter vest for kaia på Øye. Dette skredet var tretti meter breitt, og var ein meter høgt.

Skredet gjekk like etter midnatt natt til torsdag, og det vart arbeidd heile torsdagen med å rydde vegen. Vegen var framleis stengt då Møre-Nytt gjekk i trykken.

Det andre skredet gjekk i faret til Gråstafonna på Øye. Raset starta høgt i fjellsida, og tok med seg snø og lausmasse. Her var vegen køyrbar, men det lokale brannvernet i Norangdal måtte spyle vegen for å gjere han godt køyrbar igjen.