Etter at 1.000 billettar er seld på rekordtid, har arrangørane vald å legge ut ytterlegare 200 billettar, skriv arrangøren i ei pressemelding.

– Førehandsalet av billettar er eigentleg utseld to gonger, og vi har rigga om like mange gonger for å kunne ta imot dei mange som vil oppleve Rotlaus, Faculty of Funk og Trebaatfestivalen, fortel festivalsjef Line Urke.

Arrangørane har halde tilbake nokre hundre billettar som skulle seljast i døra før konserten laurdag 25. august.

–Etterspørselen er så stor at vi no veljer å ta 200 av desse billettane og legge dei ut for sal på tikkio.no. Vi har framleis nokre billetter for sal i døra, som opnar klokka sju på kvelden før konserten, fortel Urke som er henrykt over tidenes billettsal i samband med Trebaatfestivalen.

– Vi har aldri vore i nærleiken  av dette talet på førehandssal tidlegare. Vi berre gler oss, men veit at vi tek på oss auka kostnader og mykje meir arbeid for å kunne ta i mot så mange publikummarar. Men det er jo slike dagar vi drøymer om når vi år etter år lagar festival, smiler ho.

To veker til

Årets festival blir arrangert 23.-26. august, og programmet i år er spekka med med små og store innslag i hamneområdet, i gatene og i festivalteltet. Den største folkefesten på Søre Sunnmøre samlar folk og båtar frå store delar av Nordvestlandet, og er mest av alt eit høve til å feire folket, havet og kulturen som er skapt i havlandet.

– Sjølv om Rotlaus er det desidert største trekkplasteret, ønskjer vi også å fokusere på det lokale stjernedrysset dagen før i festivalteltet. Då spelar Heimebandet med seks meget gode og heimekjære vokalistar – først i eit godt regissert show eller konsert, og deretter spelar dei opp til dans, fortel Line Urke.

Opning

Trebaatfestivalen vert offisielt opna torsdag 23. august på kulturalmenningen, og etter opninga er det  Festival-Quiz. Fredag og laurdag er det folkefest i sentrum med mange gratisarrangement, der Ta Sjansen i hamnebassenget tradisjonelt trekker mest folk.

I tillegg jobbar arrangørane med ein artist som vil bli slept som ei eiga nyheit om nokre dagar