Rustar opp stadionområdet

– No får vi eit praktanlegg

– Innan eit par veker skal heile parkeringsområdet vere asfaltert, og dette gler vi oss skikkeleg til.

– Blir eit praktanlegg: Innan eit par veker vil parkeringsområdet ved Volda stadion bli asfaltert. Dette gler klubben seg til. F.v. Solveig Storeide og Emine, Stig Brautaset, Kenneth Nydahl, Asmund Høydal og Alf Henning Ervik.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Det seier Kenneth Nydahl, Asmund Høydal og Solveig Storeide i Volda TI fotball. Gjennom mange år har parkeringsplassen ved stadionområdet i Volda vore gruslagt. I samband med at Volda kommune er i gang med eit større asfalteringsarbeid tok fotballgruppa kontakt for å få utbetra parkeringsplassen.