Hendinga skjedde i mai i år. Mannen var ikkje aleine i bilen og hadde med seg ein passasjer. Politiet vart merksame på bilen til mannen grunna vinglete køyring, og valde difor å køyre etter bilen. Bilen vart stoppa og utandingsprøve av mannen viste ein alkoholkonsentrasjon på 0,43 milligram per liter luft. I overkant av 0,8 i promille. I Søre Sunnmøre tingrett kom mannen med ei atterhaldslaus tilståing.

Mannen vart dømd til atten dagar i fengsel. Fullbyrdinga av straffa vart utsett med ei prøvetid på to år. Vidare må mannen betale 15.000 kroner i bot og han mistar førarkortet i nitten månader. Mannen er erklærte at han vedtok dommen.