Adm.dir. Jan Henning Egset på Studentsamskipnaden i Volda er i innspurten med koordinering av bustader før høgskulen opnar att komande veke. Alt dei har av hyblar og leilegheiter er no fullbooka, men mykje brukar ordne seg i innspurten før studiestart.

– Vi er om lag der vi har vore tidlegare år. Det er alltid nokre som ikkje har kome seg i hus til studiestart. Om dei ikkje har vener eller andre dei kan få hjelp av, vil vi hjelpe dei med å finne mellombels overnatting. Men vi trur dette vil gå greitt også i år, seier Egset.

– Det skjer mykje fram mot studiestart og dagane etter. Det kan verte fleire ledige einingar, for ein del studentar kjem inn andre plassar i landet, og vel anna enn dei i utgangspunktet gjorde når dei søkte i Volda. Hos oss er det trykk frå seinvåren og heilt fram til studiestart. Det er ein del som ikkje har vore sikre på kvar dei ville kome inn.

84 prosent privat marknad

Studentsamskipnaden i Volda leiger i dag ut 440 einingar. Dette utgjer om lag 16 prosent av den totale leigemarknaden i Volda. Resten er det private som tek seg av.

– Det er ein velfungerande privat marknad. Det er lange tradisjonar for utleige i Volda, så vi trur og reknar med at alle kjem i hus også i år.

Planane ligg klare for å byggje 120 nye studenthyblar i Volda. Då vil dekningsgraden til studentsamskipnaden kome opp i 20 prosent, som er den nasjonale målsetjinga.

– Vi skulle eigentleg kome i gang med bygginga i sommar, men prosessen har vorte litt forseinka. No ventar vi på ei tilbakemelding frå departementet på kostnadsrammene til bustadene. Vi satsar på å starte bygginga tidleg i haust, med ferdigstilling seinhausten 2019. Å få 120 nye hyblar vil gje oss ei lite løft. Dette vil verte populære utleigeeingnar, seier Egset.

– Korleis er trenden når det gjeld leigetakarar sine krav til bustad?

– Dei aller fleste ønskjer å ha eige bad, men dei kan dele kjøken og andre fellesrom. Dei fleste ønskjer også at bustadane ligg rimeleg sentralt plassert i høve høgskulen og sentrum. I den gamle bygningsmassen er det mange som deler bad, og det er noko vi vil få retta opp i dei nye bustadene.