I fengsel for amfetamin-kjøp

Ein mann i 30-åra, busett i Ørsta kommune, må i fengsel for amfetamin-kjøp i Volda.
Nyheiter

Ifølgje tiltalen gjennomførte mannen kjøp av cirka ni gram amfetamin i byrjinga av juli i år. Kjøpet skjedde i Volda. Mannen var og tiltalt for bruk av amfetamin ved fleire høve.

I Søre Sunnmøre tingrett kom mannen med ei atterhaldslaus tilståing, og saka var avgjort ved ein tilståingsdom.

Ifølgje rettspapira forklarte mannen at det narkotiske stoffet var til eige bruk og at det ville dekke i overkant av ei vekes forbruk. Retten la i straffeskjerpande retning vekt på at den tiltalte mannen tidlegare var dømd for narkotikalovbrot. Tidlegare har mannen fått ein dom på fengsel på vilkår og han har fått fleire bøter for brot på legemiddellova. I formildande retning la retten vekt på at mannen erkjente forholda han var tiltalt for. Grunna mengda på det narkotiske stoffet og at det var amfetamin gjorde at retten hamna på fengselsstraff utan vilkår.

I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømd til fengsel i sytten dagar.