Like før klokka 06 måndag morgon køyrde Møreekspressen av vegen ved Dispen mellom Oppstryn og Nedstryn. Bussen, med 55 passasjerar, køyrde av ut på eit jorde mellom riksveg 15 og vatnet i retning Stryn. Bussen gjekk frå Oslo klokka 2200 kvelden før.

- Ingen personar er skada etter hendinga. Det skal ikkje ha vore dramatiske omstende, sa marknadssjef i Nettbuss Travel, Svein-Arne Vik til Fjordingen etter uhellet. fjordingen.no

Men uhellet får likevel eit etterspel. Politiet har sett i gang etterforsking.

- Det sat to passasjerar heilt framme i bussen. Om nokon av passasjerane langt framme i bussen observerte noko i tilknyting til utforkøyringa, eller rett i forkant, vil politiet ha tips, seier politibetjent Kurt Hammerø.

Politiet gjennomførte avhøyr av bussjåføren tysdag, men av omsyn til vidare etterforsking kan han ikkje gå ut med kva sjåføren har forklart.

- Vi veit ikkje årsak til utforkøyringa, men vil blant anna få gjennomført teknisk undersøking av bussen, seier Hammerø.

- Er bussjåføren sitt førarkort beslaglagt?

- Det er ikkje beslaglagt på det noverande tidspunkt, seier Hammerø.

Fjordingen.no