Førte ikkje rekneskap i Ørsta-selskap på 11 månader

Dagleg leiar og styreleiar i eit Ørsta-selskap må i fengsel etter å ikkje ha ført rekneskap i elleve månader. Mannen må sone tjueto dagar i fengsel.

Fengselsstraff: Ein ørsting må sone tjueto dagar i fengsel etter han ikkje førte rekneskap i selskapet sitt i elleve månader.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Mannen var sikta for å brot på bokføringslova. Ifølgje siktinga førte mannen ikkje rekneskap i verksemda frå 1. januar 2017 til 11. november 2017. I Søre Sunnmøre tingrett kom mannen med ei atterhaldslaus tilståing for perioden juni til november. For perioden januar til mai forklarte han at han hadde rekneskapsførar og leverte vedlegg. Fakturaane til rekneskapsføraren for utført arbeid vart ikkje betalt, og mannen sjekka ikkje at rekneskapen faktisk vart ført. Mannen erkjente i retten at rekneskapen ikkje vart ført i denne perioden og at det var han sitt ansvar. Mannen samtykka at saka vart avgjort ved tilståingsdom.