Etterlyser vitne til hending i Ålesund

Politiet ber om tips etter ei hending i Ålesund sentrum søndagsnatta.

Ålesund Sentrum: Politiet ynskjer tips frå publikum som var i dette området i Ålesund natt til søndag.  Foto: Eli Anne Tvergrov

Nyheiter

Ein mann i 20-åra vart i morgontimane søndag 5. august funnen skadd i Ålesund sentrum. Politiet har så langt svært få spor. Kva som har hendt før han vart funnen utanfor ein bygard i Buholmgata står fram førebels som uklart, heiter det i ei pressemelding frå politidistriktet.

–V ar du i Ålesund sentrum mellom klokka 24.00 til 06.00 natt til søndag tek politiet mot tips, dersom du har aktuelle observasjonar. Dette gjeld spesielt om du var i retninga austover frå Keiser Wilhelms gate og Røysegata, forbi Rådhusgata og Buholmgata mot Gjerdegata i dette tidsrommet. Mannen vart funnen utanfor ein bygard i Buholmgata. Har du sett noko ber vi om at du tek kontakt med oss på 70 11 87 00 / 02800, seier politioverbetjent Bjørn Egil Gamlem.

Politiet etterforskar hendinga, men står enno med få spor å gå vidare på i saka.

Mannen vart frakta til sjukehuset i Ålesund. Av presseinformasjonen til Helse Midt-Norge søndag 5. august kan det lesast at skadane til mannen vart sett på som moderate og at statusen var stabil.