Bondalselva opnar igjen

Laksefiskarane kan gle seg til fredag.

  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Bondalselva opnar igjen. Elva vart stengt for all fiske 1. august grunna låg vasstand. Men etter regnet siste dagane, har styret i Bondalselva grunneigarlag bestemt seg for å opne elva igjen.

I ei facebook-melding frå styret heiter det at elva vert opna frå fredag 10. august og til med onsdag 15. august.

Det vert fangstavgrensning med ein laksefisk per fiskar per dag, og maksimum to fiskar per veke.