Ørjan seld til Aston Villa

Overgangen til Aston Villa er i boks for Ørjan Håskjold Nyland

Ørjan Håskjold Nyland  Foto: FC Ingolstadt 04

Nyheiter

Det stadfestar Aston Villa på sine nettsider, skriv Tv2. ​

– Eg ser fram til å spele for denne store klubben, og kan ikkje vente med å kome i gang. Alt har skjedd veldig fort, og eg er veldig glad for å kunne kalle meg ein Villa-spelar, seier den tidligere Volda, Hødd- og Molde-keeperen til Aston Villa sine nettsider.

I følge avisa Birmingham Mail kostar landslagskeeperen Aston Villa 10,6 millionar kroner, skriv tv2.no.

Dette betyr at Volda sine to beste fotballspelarar, Ørjan Håskjold Nyland og Sivert Heltne Nilsen,  har skifta klubb på kort tid.