Det seier leiar i Vartdal Turn og Idrettslag, John Helge Bjørndal. No gler han seg som ein unge til det som skal skje om vel ein månad. Då skal bana liggje der grøn og fin.

Det var 9. mars det fyrste spadetaket vart teke på Vartdal. Sidan har arbeidet gått framover med stormsteg.

– No har vi kome så langt at all pukken er jamna ut og lagt til. Måndag kjem eit båtlast med finare sand som skal leggjast på bana, og den 20. august kjem båtlasta med sjølve kunstgraset. Arbeidet med å leggje graset skal ta til den 27. august. Då håper vi på godt ver, slik at graset kan verte lagt raskt. Det kan ikkje regne når graset skal leggjast, seier Bjørndal.

Håper er då å kunne ta bana i bruk i løpet av september.

– Målet er at vi skal kunne ha både kampar og treningar for lag i aldersfastlagde klasser og for A-laget i løpet av hausten. Det er litt avhengig av når vi får bruksløyve, seier Bjørndal.

Det skal også kome lys rundt bana, men der er det varsla litt ventetid.

14 millionar kroner

Det skal også lagast til parkeringsplassar ved bana etter kvart. Når den offisielle opninga vert, er for tidleg å seie for Bjørndal.

Det nye idrettsanlegget på Vartdal er ei gigantisk investering for Vartdal Til. Prislappen er på om lag 14 millionar kroner.

– Når alle tilskot har kome inn, når spelemidlane har kome, og vi har fått trekt ifrå momskompensasjon, då reknar vi å sitje att med eit lån på to millionar kroner. Det skal vi greie å handle, seier Bjørndal.

Han er svært takknemleg overfor bygdefolk og lokalt næringsliv som har vore svært gåvmilde.

– Utan desse gåvene, kunne ikkje anlegget ha vorte realisert, seier Bjørndal.

Vartdal TIL har gåande ein aksjon med å teikne andelsbrev.

– Der har vi sett oss eit hårete mål om å få inn 500.000 kroner. Til no har vi teikna andelsbrev for 300.000 kroner, fortel Bjørndal.

– Det er heilt eventyrleg det som no skjer, når vi har venta så lenge, og ser den oppslutnaden vi har fått lokalt, poengterer Bjørndal.