20 nye tilsette på eitt år for Vertikal Service

Tilbake etter oljekrisa

Etter tre tøffe år vart det solid opptur for Vertikal Service i fjor. – No riggar vi for framtida, seier dagleg leiar Åsmund Vaage.

Tøff arbeidsplass: Jan Ove Urkegjerde og Mattias Mattisson ( med ryggen til) på Statfjord A. Forretningsideen til Vertikal Service er å brukte tilkomst basert på klatreteknikk.  Foto: Vertikal Service

Nyheiter

Fjorårsrekneskapen talar sitt tydelege språk. Omsetnaden auka frå 14 millionar i 2016 til 24 millionar i 2017. Resultatet gjekk frå ein lite underskot i 2016, til eit solid overskot på vel tre millionar kroner i fjor.