– Tilfeldig at dette ikkje gjekk verre enn det gjorde

Ein gut i slutten av tenåra mista førarkortet og er dømd til samfunnsstraff etter at han overlét bilen sin til ein person med 1,63 i promille og som var under 18 år.

Her enda bilen med dei fem tenåringane i oktober i fjor. 

Nyheiter

Hendinga fann stad i oktober i fjor i Ørsta. Den sikta i saka, busett i Volda kommune, kom med ei atterhaldslaus tilståing i Søre Sunnmøre tingrett då saka var oppe.