Vil ha dialog mellom rånarar, sentrumsinnbyggjarar og politikarar

Løftar bilkøyringa opp politisk

– Eg ønskjer å få i gang ein prosess der vi lyttar til ungdomen og får i gang ein dialog.

Dialog: Anbjørn Steinholm Frislid (Frp) ønskjer at rånarar, sentrumsinnbyggjarar og politikarar skal få lufte sine tankar og kome til løysingar saman.  Foto: Marius Myklebust

Nyheiter

Kommunestyrepolitikar Anbjørn Steinholm Frislid (Frp) registrerer at det går heitt føre seg i avisspaltene og kommentarfelta om nattebråk frå bilar i Ørsta sentrum. No skal han forfatte eit spørsmål til ordføraren om korleis ein kan kome fram til løysingar for både bilkøyrarane og innbyggjarane i sentrum.