Endeleg klubbskifte?

Ørjan Håskjold Nyland er truleg på veg vekk frå den tyske klubben sin
Nyheiter

Fleire media spekulerer i at den tidlegare landslagskeeperen frå Volda er på veg til Aston Villa i engelsk andredivisjon (nivå to i England). Han spelar no med Ingolstadt på nivå to i Tyskland.

Spekulasjonane er utløyst av ei twittermelding frå Ingolstadt. Han var ikkje med i troppa då lagoppstillinga til siste kamp vart offentleggjort.

– Nyland er for øyeblikket i kontakt med ein ny klubb, og derfor er han ikkje med laget, skriv klubben i ei Twittermelding.

Bristiske media spekulerer i at Håskjold Nyland er aktuell for Aston Villa, som også har kjøpt ein annan keeper nyleg.