Norway Cup

Sverre tek gullpokalen heim

Sverre Sætre Orten, til vanleg Ørstaspelar, vann gull med Aalesund i Norway Cup
Nyheiter

- Eg er veldig letta. Og det er heilt fantastisk, seier Sverre Orten Sætre, etter ha å vore med på å slå Asker i finalen i Norway Cup for gutar 16 laurdag med 1-0.

- Vi styrte kampen, men sleit lenge med å få mål, seier han.

Den talentfulle fotballspelaren er alt etablert på Ørsta sitt A-lag. Men han trener med Aalesund sitt alderbestemte lag ein gong i veka, og han spelar med dei i den nasjonale serien for gutar 16 år.

AaFk har ikkje hatt for vane å stille i Norway Cup,men når dei først reiste var det klart at ambisjonane var høge.

- Vi håpte på å gjere det godt, men det var mykje arbeid som skulle til, seier Sverre.

Med fire mål vart kantspelaren frå Ørsta toppskårar for laget. Og han får æra av å transportere pokalen heim

- No sit eg i bilen med pokalen mellom beina. Søndag skal eg ta den med til Color-line stadion der vi skal heidrast i samband med AaFk-kampen, fortel han.

For to år sidan spelte han på G14-laget til Ørsta som tapte finalen i sjuarturneringa. No er det altså gull i den meir prestisjefylte 11-turneringa,men med oranjse drakt.

- Dersom Ørsta hadde stilt lag hadde eg prioritert dei, forsikrar Sverre Sætre Orten.