"Levande vegg"

Sølv til Synne

Synne Masdal og Herd tapte finalen. Vartdal-jenta var ein av Herd sine beste.

Synne Masdal spelar for Herd J17  Foto: Privat

Nyheiter

Synne Masdal frå Masdal spelar på Herd sitt J17-lag, som tok seg til finalen i Norway Cup. Her vart det eit surt 1-0 tap for Molde, etter ein jamn kamp laurdag kveld.

Rett før slutt fekk Molde eit straffespark som TV2-kommentatorane meinte var heller billeg.

TV2 sine fotballekspertar trekte fram Synne Masdal som ein av dei beste spelarane på banen. "Meget solid stopparspel, og " ein levande vegg", var mellom karakterestikkane.