Saudehornet rett opp

Fjellfesten er i gang

Saudehornet rett opp er i gang. Trass regn og skodde, strøymer folk opp i fjellet.

  Foto: Rune Sæbønes

  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Fyrst ute i morgontimane var dei yngste. Kl. 09.30 gjekk startskotet for barneløpet opp til Skåla.

Over tretti born valde å stille med startnummer, og starte i fellesstart frå småbåthamna. Andre valde å gå løypa utan startnummer, kanskje for å prøve seg litt fram.

Mellom dei var Susanne, Severin og Dorotha Korzeniewska.

– Det er fyrste gong vi er med i dette løpet, fortel mamma Dorothea. Familien har budd i Ørsta i ti år, og har registrert at det er ein folkefest fyrste helga kvar august. I år ville dei også delta.

– At det regnar og er skodde gjer ingenting. Det er fint å gå. Det handlar berre om ikkje å ha dårlege klede, seier Dorothea.

Møre-Nytt møtte henne og borna ved fyrste vasshuset. Der byrja det etter kvart å strøyme på med folk. Nokre kom frå småbåthamna, andre frå påmeldingsstasjonen på Hotell Ivar Aasen, og mange kom inn sidevegane frå bustadområda på Vallabøen og Grepalida.

At det i morgontimane ikkje var mogleg å sjå Saudehornet, og knapt Vallahornet, ser folk ikkje ut til å bry seg om.