Drog inn førarkort etter omsynslaus køyring

Politiet rykte ut til Festøya laurdag ettermiddag etter ei melding om omsynslaus køyring.
Nyheiter

Politiet melder på Twitter at dei fekk inn meldingar om omsynslaus og trafikkfarleg køyring. Fleire farlege situasjonar skal ha oppstått under forbikøyringar.

Ein patrulje fekk stansa føraren, og det er gjennomført avhøyr av den mistenkte og i tillegg av vitne.

Det vert oppretta ei sak mot føraren, og førarkortet hans er inndrege.