Norway Cup

Bronse til Volda-jenter

Bronse i Norway Cup. Sunniva Prytz Hammer, Nathalie Eide og Kristine Bjørneset i Hødd-drakt  Foto: Linda Breivik

Nyheiter

Eit Hødd-lag med Volda-forsterkingar vann bronsefinalen i J19 i Norway Cup.

- Det var ein jamn kamp med sjansar til begge lag.  Vi bomma mellom anna på ei straffe i andre omgang, så dermed var det ekstra godt å sikre sigeren mot slutten av kampen, seier Hødd-spelar Anna Nygård Thunem til VikebladetVestposten.
 

Hødd har forsterka laget med tre jenter frå Volda: Nathalie Eide, Sunniva Hammer og Kristine Bjørneset.