Vil utvide sela på Myklebussetra

– Myklebust gardslag ynskjer å halde på stilen på Myklebustsetra men dei må vere brukande å opphalde seg i.

Myklebustsetra: Gardslaget ynskjer vern gjennom bruk. Då må sela vere brukande å opphalde seg i.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Det skriv Myklebust gardslag ved Per Reidar Myklebust i ein merknad til høyringa av reguleringsplanen for Myklebust setremark.

Reguleringsplanen er ute til ny høyring etter at formannskapet ikkje ville eigengodkjenne forslaget som låg til handsaming rett før sommaren.

Formannskapet sa nei til å godkjenne planen fordi dei meinte restriksjonane for det opphavlege setreområdet var for strenge. Det gjekk mellom anna på storleiken til sela.

Myklebust gardslag meiner det må vere mogleg å utvide dei eksisterande sela, og om ønskjeleg til femti til seksti kvadratmeter.

Myklebust gardslag peikar på at eit sel og to brønnhus fall ned sist vinter, pluss at eit sel til er sterkt forfalle.

– Vi må ha vern av sela med bruk. Vert dei ikkje brukte, forfell dei, kommenterer Myklebust gardslag.