Søkjer 400.000 kroner

Vil ha sommarløyper til populært turmål

Åmskarets Venner søkjer Ørsta kommune om ei støtte på 400.000 kroner til turveg til Åmskaret.

Populært: Tur til Åmskaret er populært.   Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

– Søknaden gjeld støtte til å lage sommarturveg frå eksisterande lysløype til Åmskaret langs vintertraseen, forklarar leiar Svein Silseth i søknaden.

Vegen skal ha ei breidde på 2,5 meter, og han skal vere lett tilgjengeleg for alle grupper, om det er syklistar eller familiar med små born og barnevogn.

Planen er også at denne turvegen kan gå inn i eit tur- og sykkelstinett mellom Ørsta og Sæbø, og eventuelt vidare gjennom Norangsdalen.

Kostnaden er rekna til å verte 2,8 millionar kroner. Då er det rekna med 1,3 millionar kroner i spelemidlar, 500.000 kroner i eigenkapital, 500.00 kroner i sponsormidlar, 100.000 kroner i gåvemidlar og 400.000 kroner frå kommunen.