– Målet er å få heile huset i brukbar stand, så det kan leigast ut som selskapslokale. Hovudtanken bak prosjektet, var å bevare huset for framtida. Nokre har sagt eg heller burde rive det og byggje ei utleigehytte i staden, men eg syns det er litt for mykje i historie i veggene til å gjere det. Det er kjekt å få bevare det, for heile Hjørundfjordstranda sin del, seier Sveinung Saltre.

Det er eit over hundre år gamalt bygg han og kona Marita Sandnes Saltre har teke ansvaret for å setje i stand. I 1906 vart det ført opp for å verte skule for borna langs Hjørundfjordstranda. Under krigen vart skulebygget gjort om til arbeidsleir for krigsfangar, men etter krigen vart bygget skule att – fram til bilvegen nordover til Festøya vart bygd i 1965. Då vart elevane flytta over til Barstadvik skulekrins.

Det tome skulebygget vart då tilbyde bygdefolket som grendehus. Sju grunneigarar kjøpte kvar sin del. Dette var på midten av sekstitalet, då det framleis var ein god del aktivitet langs Hjørundfjordstranda. Grendehuset vart aktivt drive og nytta fram mot slutten av åttitalet, då aktivitetsnivået dabba av. Ut over nittitalet, vart bygget ståande meir eller mindre tomt, og vart berre brukt ved spesielle høve.

– Når det ikkje er folk her, er det avgrensa kor mange bygdearrangement ein kan ha, humrar Sveinung.

Skulen: Sveinung Saltre og Marita Sandnes Saltre har lagt ned mange timar for å renovere det over hundre år gamle skulebygget på Saltre, som har vore lite brukt dei siste tiåra.

Oppussing

Sveinung tenkte lenge på at han skulle få gjort noko med det ubrukte huset. Han fekk eit påskot til å sette i gong då sonen til systera ville ha konfirmasjonsselskapet sitt der.

– Då såg eg mitt snitt til å få litt gratis arbeidskraft. Vi sette i gong og skifta ein del bordkledning, måla veggane, reparerte taket og byta ut ein del vindauge. Det var mykje gamalt å ta tak i. Det var andre måtar å byggje hus på for hundre år sidan enn i dag, seier han.

I år har huset byrja kome i god stand att. Innvendig er romma i øvste etasjen så å seie ferdig, medan kjellaren står for tur. Snart er det i si tidlegare prakt.

Arbeid: Sveinung Saltre i hovudetasjen, som har fått eit ansiktsløft det siste året.

Forsiktig optimisme

Sjølv om folketalet langs Hjørundfjordstranda har gått jamt nedover sidan sekstitalet, har det fått eit oppsving att dei siste åra. Sveinung og kona Marita har sjølv bidrege med tre born, og ein familie lenger ute har fått to.

– Etter krigen, budde det godt over hundre personar innover stranda her. Men folka for med vegen som vart bygd. Eg hugsar at då eg var liten, var det framleis mange barnefamiliar her, seier Sveinung.

Han tok over familiegarden i 2002. Året etter møtte han Marita. Dei bur no på garden med borna sine og over hundre geiter. Mellom Ytre-Standal og Barstadvik, er dei i dag dei einaste geitebøndene.

– Etter eg tok over garden, kom det eit krav om sanering av geit. Då stod vi overfor vala om å sanere, byggje nytt, eller gi oss. Men så fekk vi tilbod om å kjøpe eit settefiskanlegg frå Marine Harvest for ein billeg penge. Det gjorde vi, og vi bygde det om til geitefjøs. Vi tok over bygget i 2006, og brukte nesten to år på få det omregulert. Det måtte heilt opp på departementsnivå å få verte godkjent. Men så fekk vi berre halvparten godkjent for dyr, sidan den eine halvparten er på ei høgdekote som er så låg at ho kan verte råka av Åknesbølgja.

Kulturlandskap

I sommar har dei 110 mjølkegeiter som spankulerer rundt i fjellsidene langs Hjørundfjorstranda og held framveksten av tre og kratt i sjakk.

– Ein ser det godt frå sjøen, konstaterer Sveinung.

For det er ein levande fjord med eit ope kulturlandskap som tidt og ofte vert trekt fram som turist-trekkplasteret i Hjørundfjorden – i motsetnad til Geirangerfjorden, der kulturlandskapet i stor grad er byta ut med naturlandskap.

– Det er kulturlandskapet som gjev Noreg den fordelen vi har. Det var ein austerrikar som i mange år brukte å kome hit med båt. Han sa at Noreg er veldig likt New Zealand, berre at her bur det folk i slikt terreng. Det gjer det ikkje der. Hjørundfjorden må ikkje verte som Geiranger, men vi er kanskje på veg mot å verte slik. Det er snart ikkje ein geitebonde att i fjorden.

Saltre: Slik ser området ut frå lufta ein fin sommardag.

Driftsgrunnlag

– Kva må til for å drive gard og leve på ein plass som Saltre?

– Det viktigaste er å ha eit driftsgrunnlag. Det har vorte slik at alt er overregulert. Vi fekk til dømes ikkje byggje eit kraftverk. Om ein tek vekk alle moglegheiter for å drive næring på ein slik plass, kva sit ein då att med? Ein kan ikkje bevare kulturlandskapet på bygdene om dei som bur der ikkje har noko å leve av. Sjølvsagt kan ein ha fritidsbustader der folk slår ein plenflekk utanfor, men ein kan ikkje berre ha det slik. Det vert ei stor overrasking for folk når alle dei som køyrer rundt med beitepussar døyr ut. Og så er det vel eit problem i Hjørundfjorden, som andre plassar, at det er mange som vil kjøpe hus, men ingen som vil selje, seier han.

Å vere vestlandsbonde med små markar og bratte fjellsider, kan og vere ei utfordring.

– Problemet med landbruket på NordVestlandet i dag, er at gardane er så små at ein ikkje kan drive det som ei bedrift. I Landbruksdepartementet vert det lagt opp til at ein skal drive det som ei stor bedrift med fleire tilsette, som til dømes på Jæren. Det er det ikkje driftsgrunnlag for her. Vi vert liggande i ei sone der det er for mykje arbeid til at ein greier å ta det unna sjølv, og for lite til at ein kan leige inn folk, seier han.

Naturen som leikegrind

– Nei, no vart det mykje negativt! Det er jo mykje bra med å bu her også, seier dei to og ler.

Dei tre borna har til dømes verdas største leikeplass rett utanfor stovedøra.

– Det er mange som seier dei er misunnelege på at vi bur her. At vi kan vakne til den utsikta vi har kvar dag, og at vi bur så tett på naturen. Det er stilt og roleg, og fritt fram for borna å leike seg og styre seg som dei vil. Det vert mykje bading. I sommar har borna stort sett «budd i fjøra». Dei hjelper også til med å flytte geitene, mjølke, og plukke egg frå hønene. Og så har det flytta ein familie til Festøya. Dei har born som er jamgamle med våre. Det er kjekt, seier Marita.

Idyll: Om lag midt på biletet ser ein det gamle skulebygget.

Turistsatsing

For å få fleire bein å stå på, håper dei to å etter kvart starte med turisme, slik fleire av grannane har gjort.

– Det er mykje turistar her, og det er ei moglegheit vi har tenkt litt på. Framtida ligg kanskje der. Vi har søkt om å få innregulert nokre hyttetomter. Grunnlaget for å bu her, er at ein har fleire syslar. Ein kan ikkje basere seg hundre prosent på at landbruket skal vere ein arbeidsplass framover, seier han, og kjem med ei lita bøn til styre og stell:

– Om ein skal oppretthalde og satse på bygdene, er det viktig med ein meir romsleg og smidig politikk for næringsutvikling på bygdene. Når det er eit lovverk som opnar for skjøn, bør ein bruke det.

Skulen: Sett frå nedsida av vegen. Foto: Kjell Arne Steinsvik