Matauk

Mange gode gode råvarer i naturen

Mange av oss plukkar bær, fiskar og dyrkar eigne grønsaker, men i naturen kan du òg finne ei rekke andre råvarer å diske opp med i sommarvarmen.
Nyheiter

– Det er mengder av ville plantar å finne no om sommaren. Til dømes kan eg nemne at eg 30. juni var leiar for eit nyttevekstseminar under ein festival i Saltstraumen sør for Bodø. På ein vandretur på nokre hundre meter fann vi 26 planteartar vi kunne ete. Utover seinsommaren og hausten spirer mange vårplanter på nytt, og då er dei ypparleg mat, fortel forfattar og profesjonell matsankar Edle Catharina Norman.

Norman har mellom anna gitt ut boka Norges spiselige planter og bær og jobba som profesjonell sankar sidan 2011. Ho leverer òg sjølvplukka vekstar til Michelin-restauranten Maaemo.

Nyttig med nyttevekstbok

Ho har klare tips til dei som er ferske sankarar.

– Om du ikkje har erfaring med nyttevekstplanter i det heile, ville eg for det første ha kjøpt ei nyttevekstbok. Så ville eg blinka ut fem vanlege artar og blitt 100 prosent sikker på desse. Deretter kan repertoaret auke med nokre planter av gongen. Parallelt ville eg ha oppsøkt nyttevekstsamfunn på nettet og følgt med på desse. Der er det mykje matnyttig informasjon å hente, både innan- og utanlands. I tillegg vil eg anbefale vandrekurs, der ein ser plantene i sitt rette element, fortel ho.

Norman, som ikkje hevdar å vere nokon kosthaldsekspert, trur ein kan overleve ganske lenge på ville vekstar.

– Eg vil vel hevde at du kan overleve ganske lenge dersom du går deg vill og er nøydd til å plukke din eigen mat i naturen. Det føreset sjølvsagt at du veit kva du kan ete. Om du i tillegg kan fiske, får du dei naudsynte proteina, seier sankeeksperten.

Skumle skjermplanter

Sjølv om det finst mange planter frå naturen ein kan ete, er det òg viktig å vere forsiktig med kva du plukkar. Dei fleste veit at det finst giftige soppar, men det finst òg giftige planter som kan forvekslast med andre nyttevekstar.

– Det finst nokre ville planter i Noreg som kan vere fatale dersom du et dei. Selsnepe, giftkjeks og hundepersille, som høyrer til i skjermplantefamilien, er farlege, fortel Norman.

I skjermplantefamilien er det òg mange planter ein kan ete.

– Når du plukkar planter i denne familien, må du vere ekstra påpasseleg og 100 prosent sikker på kva plante du har for handa. Forvekslingsfaren er reell, seier Norman.

Annechen Bahr Bugge, forskar ved forbruksforskingsinstituttet SIFO, fortel at dei tidlegare har sett på kva type sjølvforsyning av mat som er mest populær.

– I ei undersøking for nokre år tilbake såg vi på kor mange som har plukka bær i naturen, frukt og bær i eigen eller andres hagar, fiska, plukka sopp, dyrka urter i krukker og liknande dei siste tolv månadane, fortel ho.

Ifølgje Bahr Bugge oppgav 58 prosent av dei spurde at dei hadde plukka bær i skog og mark dei siste tolv månadane. Kvinner plukka meir enn menn og bygdefolk plukka meir enn byfolk. Også planting av urter i krukker og fiske viste seg å vere populært blant mange.

– Kvifor er interessa så stor?

– Interessa for matlaging har vore aukande i lang tid. Mange har matlaging som hobby. Folk er opptekne av å lage mat frå botnen av og at råvarene er naturlege har god klang hos forbrukarane, seier matforskaren.

– Det er òg mykje kritikk av industriell matproduksjon. Det gjeld alt frå bruk av kunstgjødsel til oppdrettsnæring, legg ho til.

Bahr Bugge trur òg ein av grunnane til at mange plukkar bær er utvalet i butikkane.

– Norske bær scorar utruleg høgt og er noko forbrukarane verkeleg ønskjer seg, men tilbodet av bær er elendig. Nesten ikkje noko av det som blir tilbydd i butikkane, er norske bær. Spesielt finn vi lite norske blåbær, tyttebær og molter i butikkane. Dei bæra har høg kvalitet og er ettertrakta. Når utvalet i butikken er så dårleg, er det ikkje overraskande at interessa for å plukke bær er høg.

Fisking er ein familieaktivitet

Av dei minst populære måtane å sjølvforsyne seg med mat på nemner Bahr Bugge soppsanking og jakt.

– Soppsanking er nok framleis ein mindre populær aktivitet fordi folk har dårleg kjennskap til dei ulike typane og på grunn av otte for giftig sopp. At jakt er ein mindre populær aktivitet enn andre ting, har truleg å gjere med at det krev jaktprøve, handtering av våpen og at ein må vere komfortabel med å drepe og handtere døde dyr, seier Bahr Bugge.

Eit anna poeng i undersøkinga var at fisking var populært blant mange.

– Fisking var relativt utbreidd, og det var mange unge og mange med barn som dreiv med det. Ergo kan ein sjå for seg at fisking har blitt ein familieaktivitet, avsluttar matforskar Annechen Bahr Bugge.