Seier Kay Are Urkegjerde frå Sæbø. Møre-Nytt er med Urkegjerde på fjorden. Han er biten av den nye fiskebasillen – artsfiske. Der det er om å gjere å fiske flest mogleg artar med fisk, anten det er i saltvatn eller i ferskvatn.

Urkegjerde har ikkje halde på så lenge med akkurat artsfiske. Kanskje berre eit år, men fiske har han alltid interessert seg for.

– Det har vel med oppveksten å gjere, der eg var med bestefar ut i bår seine sommarkveldar og fiska til langt på natt, fortel han.

Rekreasjon: – Å halde på med artsfiske er friluftsliv på sitt beste. Det er rekreasjon, seier Kay Are Urkegjerde. Her på Hjørundfjorden ein regntung kveld sist tysdag. Foto: Rune Sæbønes

Artsfiske er eigentleg ikkje noko anna enn vanleg sportsfiske, men der målet er å fiske mest mogleg fiskbare artar. Det er rekna med at det er om lag 300 fiskeslag i Noreg, i hav, fjordar og vatn. 150 av dei skal vere mogleg å fiske.

– I Hjørundfjorden er det rekna med at skal vere om lag nitti artar med fisk. Eg trur neppe at eg vil greie å fiske alle, men eg har som mål å kome over hundre artar ein eller annan gong. Men då må eg reise til andre stader for å fiske også, seier Kay Are.

Og det gjer han. Når familien er på tur, har han alltid med seg fiskeutstyr. Slik har det vorte fiske både i små vatn på Austlandet, og ved Operaen inst i Oslofjorden.

Frå bitte små til store fiskar

Djupt: – Du skal ikkje mange meter frå land før det er brådjupt i Hjørundfjorden. Men mange sjeldne artar står djupt, seier Kay Are Urkegjerde. Foto: Rune Sæbønes

Men aller best likar Kay Are seg i Hjørundfjorden. Og han fiskar etter fiskeslag han mest ikkje hadde høyrt eksistere.

– Ei stund trudde eg ei berggylte var ei berggylte. Men det er så mange forskjellige fiskeslag som vert kalla berggylte eller knepse, fortel han.

Han fiskar etter fiskar som berre er nokre cm lange, og til dei heilt store. Han har mellom anna fiska karuss, dvergulke, bergnebb og ein hågjel.

Mykje av fiskinga handlar om "catch & release". Det vil seie at når fisken har kome om bord i båten eller på land, vert han avfotografert for dokumentasjon, og så kasta i vatnet att.

hågjel: Denne haien vart fiska ein sein kveld. Foto: Privat

– Det er så rart med det. Tidlegare tenkte eg ikkje på slikt, men når du greier å fiske ein sjeldan art, og har han i handa, då tenkjer du at denne må få leve. Før var det ikkje slik, seier Urkegjerde. Men dei fiskane som kan etast, dei tek han med seg heim.

I fjor tok han initiativet til Hjørundfjord fiskefestival. I tillegg til mengd, var det også konkurranse om flest mogleg artar. Då kom artsfiskarar frå fleire stader for å vere med. Hjørundfjorden har nokre fiskeslag som gjer han attraktiv for artsfiskarar, og det er fiskar som spisskate,skolest og havål, fortel Urkegjerde.

Tjue forskjellige artar til no for Urkegjerde høyrest kanskje lite ut. Men då har han gått systematisk til verks, og satsa på meir sjeldne fiskar til å byrje med. Makrell og sei står lenger nede på lista, og dei har han ikkje gått etter.

Utstyr: Kay Are Urkegjerde har mange sortar krokar og slukar. Foto: Rune Sæbønes

– Artsfiske handlar ikkje berre om å få fisk. Det handlar om friluftsliv. Eg kan gjerne ta med meg eit telt, og overnatte i fjøra. Det er rekreasjon. Dessutan handlar det om å tileigne seg kunnskap, lese seg opp om ymse fiskeslag, fortel han.

Han kunne ynskje at fleire dreiv med denne hobbyen.

– Eg veit ikkje om andre i Ørsta/Volda, og eg ynskjer gjerne at fleire vert med. Det er berre å ta kontakt, og spesielt håper eg at ungdom engasjerer seg, seier Urkegjerde.

Det treng heller ikkje vere dyrt. Reglane for artsfiske seier at det skal verte fiska med stong, og det kan skje både frå land og frå båt. Sjølv har Urkegjerde oftast med seg tre stenger, og fleire typar slukar og krokar.

– Det kan verte dyrt viss ein skal kjøpe alt, men det går an å lage til ymse oppheng sjølv. Det gjer eg, fortel han.