Årsresultatet (overskotet) for konsernet vart på 28 millionar kroner. Det er seks millionar mindre enn året før. Omsetnaden vart 739 millionar, mot 697 mill. året før.

– Vi må vere nøgde med resultatet, sjølv om ein del ting gjekk imot oss i fjor. På den positive sida har vi vekst i omsetnaden, og dessutan har vi fått gjennomført ganske tunge investeringar. På minussida kjem auka råvarekostnader, seier administrerande direktør Jan Endre Vartdal.

Vartdal-fabrikken går godt

Aktiviteten på Vartdal står no for under halvparten av omsetnaden til konsernet. Det er knappe 100 tilsette på Vartdal Plastindustri. Selskapet er det klart mest lønsame i konsernet, med ein resultat på 16 millionar i fjor. På Vartdal går produksjonen av fiskekasser og annan emballasje i høgt tempo for tida, med to skift gjennom heile ferien.

– Den kalde vinteren førte til redusert lakseproduksjon og låg aktivitet i byggemarknaden, og det fekk vi merke. Men no ser det veldig bra ut, og vi går ein god haust i møte aktivitetsmessig.

Vartdal-konsernet eser stadig ut. Siste tilskot er kjøp av aksjemajoriteten i Nordic Isoelements på Biri. Her vert Vartdal-produserte «legoklossar» sette saman til element som skal bli grunnmurar.

– Byggbransjen vert meir og meir modulbasert, og vi vil følge med på denne utviklinga. Målet er å kunne levere heile konsept til entreprenørane, seier Jan Endre Vartdal.

Byggeklossar

Produksjonen av byggisolasjonsmatiale vert viktigare og viktigare.

– Det har vore redusert slaktevolum på laks dei siste åra, og dermed utflatande behov for emballasje noko vi no ser er i endring til det betre. Så vi forventar ny vekst på dette område i åra framover. Men på byggisolasjonsmateriale har hatt en god utvikling som vi ser vil fortsette.

I fjor og så langt i år har konsernet investert 80–100 millionar kroner i effektiviseringstiltak ved dei ulike produksjonsbedriftene, men mest ved emballasjefabrikken på Hjelmeland i Rogaland.

– Vi jobbar heile tida for å forbetre oss, og å bli meir effektive. Dessutan møter vi stadig nye og krevjande miljøkrav. Og her ønskjer vi å ligge i forkant. Vi er godt rusta når det gjeld utstyr og system, og vi har flinke folk. Så vi har stort potensial for vidare utvikling.

Plast-problemet

Ordet plast har fått ein negativ klang, og det skaper behov for å informere om dei unike eigenskapane til EPS (betre kjent som Isopor), meiner Jan Endre Vartdal.

–EPS er 100 prosent gjennvinnbar og i heile verda er det etablert fleire returordningar. Statistikk frå Grønt Punkt viser at 75,4 prosent av EPS-produkt i Noreg vert gjenvunne til nytt materiale, medan 23,8 prosent vert brukt til energiutnytting. Samla gir dette ei total gjenvinning for EPS-produkt på 99,2 prosent. Det er ingen andre emballasjetyper som kan måle seg med dette, seier Vartdal

Alternativet med pappemballasje kjem dårlegare ut.

– Pappemballasje er oftast laminert for å tåle fukt. I tillegg har EPS-en ei unik isolasjonsevne som reduserer matvaresvinn, aukar mattryggleiken og ikkje minst bidreg til at fersk fisk kan sendast frå Noreg ut i heile verda. Kundane våre veit dette, men vi har ein jobb å gjere for å informere opinionen, seier Jan Endre Vartdal som er leiar for emballasjegruppa i Norges EPS-forening.

Vartdal Plast-konsernet er heileigd av Jan Endre, Sindre og Ingvild Vartdal, som er borna til gründeren Håvard Vartdal. Selskapet er botnsolid med lite gjeld. Det siste året har familien også engasjert seg i eigedomsutvikling i Ørsta (Mørebiltomta) og gjennom medeigarskap i Arctic Nutrition i Hovdebygda.

– Vi fekk eit tilbod om å vere med på å kjøpe Mørebiltomta, og sa ja til det. Men vi har ingen strategi om å drive eigedomsutvikling. Når det gjeld Arctic Nutrition er interessa utløyst av erfaringane som far vår hadde med produktet Romega, som er laga av silderogn. Då vi såg kva det gjorde med psoriasisproblema hans, tenkte vi at dette måtte vere bra saker, seier Jan Endre Vartdal.

Dagleg leiing: Adm. dir Jan Endre Vartdal og fabrikksjef Sindre Vartdal. Foto: Svein Aam